Besøk fra Mattilsynet

Etter besøk frå Mattilsynet kan du få eit “Varsel om vedtak om pålegg”. Her følgjer det med ein uttalefrist (ca 1-3 veker). Det er viktig at du melder frå dersom du meiner Mattilsynet har misforstått noko, om du meiner du har oppfylt krav som dei synast manglar, eller om du klarer å rette opp avviket innan uttalefristen. Du kan òg kommentere at dei manglane du er samd i, vil du rette opp innan tiltaksfristen. Dersom ikkje alt da er ordna opp eller avklara, vil Mattilsynet koma med eit “Vedtak om pålegg” innan tiltaksfristen. Da har du moglegheit til å klage på vedtaket, men det er jo litt meir omstendeleg enn om du skriv ein uttale i første runde. Å formulere ein klage på noko som eigentleg var ei misforståing kan jo òg vera utfordrande. Du kan klage på pålegg dersom du meiner at krava strir mot regelverket eller du føler deg urettmessig behandla. Da vil saka gå eit nivå opp i Mattilsynet, og tilhøva blir vurdert av nye auge.

Før tiltaksfristen er ute, bør du rette deg etter dei pålegga du var samd i å gjennomføre, og gje ei skriftleg melding om at du har gjennomført pålegga. Mattilsynet følgjer opp dette meir eller mindre raskt etter alvorlegheitsgrad. Er ikkje dei pålagte tiltaka gjennomført ved neste inspeksjon, får du ein ny frist, og Mattilsynet kan etterkvart vedta tvangsmulkt, trekke attende  godkjenninga eller bruke andre mindre hyggelege verkemiddel, men dette er veldig uvanleg.

Post expires at 13:37 on 17. juni 2024

Del dette innlegget