Teorikurs for ysteansatte

Kursinnhald: kortversjon/utdrag av teorien frå «Modulkurset»/«Lokal foredling og omsetning»:

– Mjølkekjemi og mjølkemikrobiologi
– Mjølkehandsaming, kjølelagring, pasteurisering
– Kulturar, kulturtillaging, kva kulturar kva brukast til kva?
– Dårlege mikroorganismar, hygienepraksis i ysteriet for å motarbeide desse
– Teknologi ulike løypeostar – faktorar i ysteprosessen som gjer at osten blir slik som han blir
– Drenering og salting av ost
– Modningskulturar, modning og stell av ost på lager.
– Ostefeil – kva er årsaka, og kva skulle vore gjort annleis med desse ostane

Kursholder: Ragnhild Nordbø, er utdanna næringsmiddelkandidat frå Ås. Ho har arbeidd som ostefagleg rådgjevar ved Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule sidan 2004. Ho har vore budeie i over 30 år og driv no gard med ysteri i Trøndelag.

Pris: Inkluderer kursavgift, overnatting og mat alle dagar. Grindal Salmon Lodge kr 5500 pr person i enkeltrom og kr 5000 pr person i dobbeltrom.

For praktiske spørsmål: Elisabeth Fagerland epost: elisfager@live.no | tlf. 46423366
Arrangør: Kompetansenettverket i MIDT i samarbeid med Norsk Gardsost. 

Påmelding og meir om kurset:
https://trondelag.pameldingssystem.no/teorikurs-for-ansatte-pa-ysteri
Kontakt: Beth Tronstad | 97594332 | bjotro@trondelagfylke.no

Dato

apr 18 - 21 2023
Utløpt!

Tid

18:00 - 15:00
Kategori
QR-kode