Fjellnettverket søker gårdsbruk med servering!

Fjellnettverket jobbar med prosjektet «Mat og opplevingar i fjellet» og i samband med dette ynskjer me å komme i kontakt med gardsbruk i fjellområda som kan tenkje seg å vere med i eit prøveprosjekt.

Nye reisevanar gjer at folk ynskjer seg nye tilbod. Slik trendane ser ut i dag, blir det stadig fleire som vil oppleve det autentiske, og som vil ha opplevelser utanfor allfarveg.

På Færøyene har dei ei serveringsordning som kallast for Heimablidni, der gardsbruk kan tilby matservering frå eige kjøkken. Gjestene som besøker ein Heimablidni- verksemd får oppleve lokal færøysk mat og gjestfridom i ein færøysk heim. Ordninga bidrar til at fleire færøyske verksemder får del i den stadig veksande turismen i landet.

Fjellnettverket ynskjer å sjå nærare på om dette kan være ei ordning som også kan passe for gardsbruk i fjellområda i Noreg. Og som ein del av arbeidet med prosjektet «Mat og opplevingar i fjellet» ynskjer me å sette i gang ein pilot der me testar ut ordninga samen med nokre verksemder.

Me ynskjer oss

  • 2-3 gardsbruk frå kvart fylke (Trøndelag, Innlandet, Viken (Buskerud) og Vestfold og Telemark (Telemark) (viss interessa blir veldig stor så diskutrerar me antal verksemder).
  • at serveringsaktiviteten som startar opp har utgangspunkt i et gardsbruk
  • at maten lagast i eige (hushaldets) kjøken og serverast i eige (hushaldets) kjøken/stue
  • at eigne eller lokale produkt er utgangspunkt for menyen

(Det er fordel om verksemdene driv produksjon av eigne lokalmatprodukt som kan brukast i serveringa) .

Me søker verksemder som

  • er engasjerte, interesserte og har lyst til prøve ut eit nytt konsept
  • er villige til å gå gjennom søknadsprosess med Mattilsynet og kommunen (søke om skjenkebevilling, gjennomføre etablererprøve og serveringsbevilling). Verksemdene som deltar, vil få hjelp til dette gjennom prosjektet).
  • har moglegheit til å delta på kurs om mattryggleik.

Prosjektet vil gjere ordninga med matservering frå private kjøken kjent gjennom media. Prosjektet vil bidra i marknadsføringa av dei som testar ut ordninga.

Hvis du er interessert kontakt Elin Helland Simensen: 995 94 922 eller elinsi@viken.no

Web: www.fjellnettverket.no 

Post expires at 14:42 on 2. desember 2024

Del dette innlegget