Nytt fagskoletilbud: Handverksysting - verdiskapning i mjølkeforedling
Ein milepæl er nådd. Handverksysteria har vore svært sårbare, og avhengig av nokre få eldsjeler for å sikre rekruttering og kompetanse. Med fagskuletilbodet kan vi endeleg senke skuldrane og heve blikket. Det ambisiøse målet om fast plass i verdstoppen er innan rekkevidde, seier Turid Nordbø, leiar i Norsk Gardsost.
Turid Nordbø, styreleder i Norsk Gardsost Tweet
NORSK OSTEFRAMTID SIKRA
Ei samla ostenæring jublar på veg over målstreken. Mangeårig laginnsats har sikra framtida. Til hausten startar den etterlengta fagskuleutdanninga i handverksysting. Draumen om ein ostenasjon med fast plass i verdstoppen er innan rekkevidde.
Med over hundre ysteri i ryggen har Noreg feira medaljedryss i dei siste åras oste-VM. Trass stor auke i talet på verksemder, god vekst i mange marknadskanalar og positiv medieomtale av «den norske osterevolusjonen», har næringa lenge mangla eit solid utdanningstilbod. Alle meieriskular er nedlagde og meieriutdanninga ved NMBU er nedbygd.
– Kompetansenettverk Lokalmat Vest har i 20 år hatt ystekurs på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Dei siste åra har kursa vore fullteikna med venteliste. Dette er gode kurs, men for å bygge og drive ysteri er tre veker med utdanning langt ifrå tilstrekkeleg, seier Nordbø.
Til hausten kjem det etterlengta utdanningstilbodet. Fagskulen Vestland startar fagskuleutdanninga Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland og Trøndelag høyere yrkesfagskole (THYF) avd. Trondheim. Det vert eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år.
– Utdanninga rettar seg mot dei som driv eller er tilsette på handverksysteri, dei som ynskjer å starte ysteri eller jobbe hjå andre og produksjonsmedarbeidarar ved større meieri, avsluttar Nordbø.
Studiestadane utfyller kvarandre. THYF har eit treningsmeieri, med litt meir industriell tilnærming, i tillegg til fagkompetanse på mjølkeforedling, økonomi og marknadsføring. Ysteriet ved SJH er nyleg oppgradert til eit romsleg og moderne produksjons- og undervisningslokale. Her er utstyret tilpassa handverks- og tradisjonell foredling. Mjølka kjem frå det økologiske skulegardsbruket, ho blir foredla utan pasteurisering og ein kan sjå alt i samanheng med mjølkeproduksjonen. SJH sit også på fagkompetansen og erfaringane frå 20 år med kurs og rettleiing.
– Utdanninga fyller ei viktig rolle for noverande og kommande tilsette i meieriindustrien, anten det er snakk om små eller større ysteri. Formatet med samlingar over to år egnar seg godt for dei som er i jobb. Studiet er eit viktig tiltak for å styrke fagkompetansen på ost og ysting, og vil bidra til å auke fagstoltheita og kvaliteten på norsk ost på tvers av meieri-Noreg, seier Kjetil Holstad, leiar for Fagavdeling ost og fett i TINE.
For å søkje på fagskuleutdanninga, må ein ha fullført vidaregåande skule innanfor restaurant- og matfag eller naturbruk, eller ha relevant yrkeserfaring. Det er ikkje krav om generell studiekompetanse. Dei som fullfører utdanninga, får ein fagskulegrad i handverksysting og får tittelen ysteteknikar.
Faglig råd
Bakgrunnen for fagskuleutdanninga i handverksysting er eit sterkt behov frå næringa. Studieplanen er utarbeidd saman med eit fagleg råd beståande av:
*Norsk Gardsost
*TINE SA
*Rørosmeieriet
*Norsk Meieriteknisk Forening
*Kompetansenettverk Lokalmat Vest
*Norges Bondelag
*Norsk Bonde- og Småbrukarlag
*Ystebui
————————————————————————————————————-
Meir info om fagskuleutdanninga i handverksysting:
https://sjh.no/studietilbud/fagskuleutdanning-pa-sjh/
https://www.fagskulen.no/studietilbod/Studietilboda-vare/grone-og-gastronomiske-utdanningar/ysting/
https://web.trondelagfylke.no/trondelag-hoyere-yrkesfagskole/studier/handverksysting—verdiskaping-i-mjolkeforedling/
Kontakt: Prosjektleiar Bjørg Fritsvold ved Sogn Jord- og Hagebruksskule: Bjorg.Eldri.Fritsvold@vlfk.no / tlf. 958 48 870
Bilder: Osteglad, Elisabeth Fagerland, Otilie Brubæk Stokseth, Dora Bouman