Ledig stilling: faglærer og driftsansvarlig i håndverksysting

Vil du vera med på laget for sikra ostenasjonen Noreg ein fast plass i verdstoppen? Då er Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland rett plass for deg. Hausten 2022 startar Fagskulen Vestland fagskuleutdanninga Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling i samarbeid med SJH i Aurland og Trøndelag høyere yrkesfagskole (THYF) avd. Trondheim. Det vert eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år. Med eit nytt ysteri egna til undervisning, landsline i økologisk landbruk og eit sterkt ystefagleg miljø er SJH godt rusta for denne oppgåva.

SJH ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga.  Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid). 

 

Bilde: Otilie Stokseth

Del dette innlegget