Ny storm i mjølkeglasset
Det har de siste dagene vært mye oppmerksomhet rundt Farmen og deltagerne som drikker rå melk. Nationen har skrevet artikler som Farmen-deltaker drakk melk rett fra kua: – Kan føre til alvorlig sykdom – Nationen og 70 år med forbud mot salg av rå melk – derfor bør du ikke drikke det – Nationen.
Norsk Gardsost mener flere av punktene i artiklene er feil, og har sendt inn følgende kronikk til Nationen.
Ny storm i mjølkeglasset
Bønder som drikk rå mjølk kvar dag, kjenner seg ikkje att i fleire artiklar om kor farleg rå mjølk er. Vi synast Nationens lesarar fortener litt fakta på bordet.
Av Norsk Gardsost v/Ragnhild Nordbø, næringsmiddelkandidat NMBU og Elisabeth Fagerland, bachelor i gastronomi.
I “70 år med forbud mot salg av rå melk – derfor bør du ikke drikke det” går det gale allereie i ingressen. Nationen skriver: “Bakteriene staphylococcus, listeria og campylobacter er ganske vanlig i upasteurisert melk, viser både norsk og svensk studie.” Dette er regelrett feil. Det var ingen funn av korkje Listeria monocytogenes eller Campylobacter i kumjølk i den norske studien.
Lat oss starte med Staphylococcus aureus, som faktisk vart funne i den 20 år gamle studien frå Veterinærinstituttet. Han var i 65% av tankmjølkprøvene, og vi kjenner han som den vanlegaste jurbetennelsebakterien. Jurhelsa har imidlertid hatt ei voldsom betring desse åra, det ville vore interessant med ei ny slik undersøking!
Så er spørsmålet, er desse bakteriane farlege? Er det litt S. aureus i mjølka, og ho blir oppbevart i feil temperatur i mange timar, kan bakteriane utvikle giftstoff som fører til oppkast eller diaré. Ved jurbetennelse kan det vera nok bakteriar i mjølka til at gifta blir laga allereie i juret, derfor blir den mjølka kasta. Frisk rå mjølk som er kjølelagra, er heilt uproblematisk med tanke på S. aureus.
Over til Listeria monocytogenes, som ikkje vart funne i ein einaste av dei 346 gardstankprøvene av kumjølk i studien, men som Nationen skriv er “ganske vanlig” i upasteurisert melk.
Listeria kan kome i rå mjølk, mest vanleg frå møkk eller jord, men vil først bli eit problem når mjølka er lagra ei tid, slik at bakteriane har fått vekse til ei farleg mengd. Friske folk toler ein del Listeria-bakteriar før dei blir sjuke (typisk forkjølelsessymptom). Gravide og dei med redusert immunforsvar kan bli sjuke av små mengder Listeria, og blir derfor oppmoda om å ikkje ete ei rekke matvarer som er lagra.
I Norge er det ingen kjente tilfelle der konsumentar har vorte sjuke av Listeria frå rå mjølk eller mjølkeprodukt.
Vidare viser Nationen til eitt tilfelle der fleire ungar vart sjuke av Campylobacter etter å ha fått rå mjølk på gardsbesøk – eit av to slike tilfelle i løpet av dei siste 20 åra. Og det er Campylobacter som er det største problemet i rå mjølk.
Campylobacter er ein vanleg sjukdomsbakterie, med fleire tusen tilfelle i året her i landet. Sjølv ei lita mengd av bakterien kan gje magesjuke. At Farmen-deltakarane vart smitta er godt mogleg, alle som har handmjølka veit at det blir rusk i bøtta. Sjølve kontakten med dyra fører òg med seg potensiell smitte med Campylobacter, andre tarmbakteriar og parasittar. Dersom juret er vaska godt på førehand og ein brukar mjølkemaskin, vil ein ha mykje mindre risiko for alle slags tarmbakteriar.
Studien til Veterinærinstituttet viste jo dette tydelig, dei fann korkje Campylobacter eller patogenet E.coli i tankmjølka.
Patogenet E.coli (t.d EHEC) er heldigvis svært sjeldne i Noreg. Ein har ingen dokumenterte tilfelle frå rå mjølk eller rå mjølkeprodukt her i landet, men t.d. i Sverige har ein det. I dei tilfella vi kjenner i Noreg dei siste åra, har smitten vore frå ferske urter og frå direkte kontakt med dyr. Nokon hugsar kanskje også utbrotet frå spekepølse i 2006, kor ein betra hygienerutinane på slakteria i etterkant. Det vart ikkje forbudt å selje spekepølse, det er heller ikkje vorte forbode å drysse friske urter over maten til pynt.
I kommentarfelta les vi om mange som “har drukke rå mjølk i alle år og aldri vorte sjuke”. Dette er heilt reelt. Likevel må ein hugse at den som går i fjøset dagleg, nok har eit betre immunforsvar mot dei bakteriane som finst der, enn både barnehageungar og Farmen-deltakarar. Å servere rå mjølk til barnehagebesøk er ikkje å anbefale – du kan vera heilt sikker på at mjølka kjem til å få skulda viss ungane blir sjuke, sjølv om smitten kom frå å klappe dyra.
Farmen-deltakarane burde nok fått betre orientering på førehand om kva dei skulle gjera for å få ein rein rå mjølk som kunne konsumerast trygt. Heldigvis har norske mjølkebønder meir kunnskap og teknologi tilgjengelig enn kjendisane på TV.
Dei få mjølkeprodusentane som vel å selge ei tilfeldig mjølkeskvett, bør sørge for jurhygiene som passar til dagens forventingar om trygg mat. Sjølv om artikkelen prøver å få det til å verke som at 70 år med forbod er grunn nok til at rå mjølk er farleg, skriv dei ingen ting om at sal av rå mjølk er tillatt i t.d. Sverige, Danmark, Finland, Tyskland og i dei fleste land lenger sør i Europa. Finst det nokon som trur at mjølkekvaliteten er betre i dei landa enn her?
Nationen har i etterkant av kronikken skrevet følgende kommentar: Hva er greia med rå melk? – Nationen
Post expires at 17:03 on 13. januar 2025