Kokost frå Nordbrenna Gård vart årets produkt under NM 2015. Vi gratulerer Cato Mellum og Roy Lervik med sigeren! Landbruksminister Sylvi Listhaug delte ut prisen under åpning av Matstreif i Oslo 11.september. Om lag 190 produkt frå rundt 50 produsentar var med i NM totalt, og kvaliteten var betre enn nokon gong. Nytt av året var klassen for iskrem. Ei utstilling av alle deltagande produkt er å finne på Matstreif i Oslo 11. – 12. september. 

I denne konkurransen heng medaljane høgt. Sjølve bedømminga var på torsdag 10. september. Og dommarane delte ut medaljar etter desse kriteria
Gull: produkt som verkeleg skil seg ut som særs vellukka og særprega både i smak og andre eigenskapar. I ein klasse for seg, ein kan vanskeleg tenke seg noko betre i denne kategorien av ost/mjølkeprodukt
Sølv: i tillegg til at produktet er meir enn vanleg godt, har det ein karakter, som skil det frå andre produkt og gjer det til ein god representant for matmangfaldet vårt.
Bronse: god, ”feilfri” smak, men ikkje noko særpreg som skil produktet spesielt frå vanleg gode mjølkeprodukt.

Her finn du heile premielista

Del dette innlegget