Stølsfestival 28.-30.juli i Geilo

Det blir arrangert stølsfestival på Hamarsbøenstølen, Geilo, 28.-30. juli 2023.

Festivalen er støtta av m.a. prosjektet «Fjellnettverket», og Hol kommune. 

Fredagen blir det seminar for stølsinteresserte, der me hentar fram att nokre av dei interessante tema som prosjektet «Levande stølar» tok for seg tidleg på 2000-talet. Mykje av det me lærte den gongen, bør vere av interesse i dag og.

Tal har endra seg på 20 år, men ressursutnytting ved bruk av støl og utmark kan framleis syne seg som eit godt alternativ til rein volumproduksjon. Biologi, botanikk og økonomi vil få fokus, men me ser og moglegheiter for verdiskaping ved eigen foredling.  

Laurdagen heldt seminaret fram med markvandring, leia av biologen Hanne Sickel. Ho har særdeles god kjennskap til området vårt, som ho brukte som «case» til si doktoravhandling om utmarksbeitet.

Utpå dagen blir det ein interessant debatt, åpen for alle. Her hentar me inn fagfolk frå ulike felt. Sterke krefter innan turisme, arealforvaltning, allemannsrett, historie og tradisjonar bør kunne samlast om nokre felles mål, framfor å ri kvar sin kjepphest. Klarer me det? 

Bruk av lokal mat: Ein som er dyktig på å bruke lokale råvarer, tek med seg menyen og kjøkkenutstyret på stølen, så dei som ynskjer, kan kjøpe seg eit godt måltid. 

Sundagen utfordrar me restaurantar og hotell med sine kjøkken til å syne fram kva dei kan få til av lokale råvarer. Det blir korte foredrag både laurdag og sundag om ulike tema, knytt til bruk av stølsområde og utmark.  

Rideturar, natursti, sliping og spikking, og sjølvsagt kuhenting, blir tilrettelagt som aktivitetar for ungane.  Det vil bli lagt ut meir informasjon etterkvart.

Dei som vil vete meir om seminaret «Levande stølar 20 år etter», bes kontakte Lars på: post@hamarsboen.no

Post expires at 13:34 on 5. juni 2025

Del dette innlegget