Vedktekter Norsk Gardsost per 13.04.24
- Verksemda
Norsk Gardsost er ein organisasjon for norske handverksysteri og gardsmeieri - Formål
Norsk Gardsost skal ivareta og fremja medlemane sine felles interesser innanfor kvalitet og økonomi og elles representera medlemane andsynes styresmaktene, andre organisasjonar og samfunnet elles. Norsk Gardsost skal få fram korleis handverksmeieria er viktige for verdiskaping og som tradisjonsberarar. - Kontorstad
Organisasjonen sin kontorstad vert fastsett av styret. - Medlemskap
Aktive produsentar, personar og organisasjonar kan vera medlemer i Norsk Gardsost med fulle rettar og plikter i samsvar med vedtektene og retningsliner vedtekne i medhald av desse. Ein aktiv produsent vil seia ei verksemd som foredlar mjølk.
For aktive produsentar må medlemskapet knytast til føretaket. Medlemer som ikkje er aktive produsentar må støtta føremålet til laget og har rettar og plikter i høve til vedtektene og vedtekne retningslinjer. - Tap av medlemskap
Medlemskapet opphøyrer ved
- Utmelding
- manglande betaling av medlemspengar
- eksklusjon grunna verksemd som er til alvorleg skade for organisasjonen sitt føremål
- eller gjentekne klare brot på organisasjonen sine retningsliner
Vedtak om eksklusjon vert teke av styret etter at medlemen har fatt seg førelagt saka skriftleg og fått høve til å uttala seg. Eksklusjonsvedtak kan ankast til årsmøtet.
- Samansetjing av styret
Styret leier den daglege drifta av organisasjonen. Styret har 5 medlemer: leiar, nestleiar og 3 styremedlemer med 3 varamedlemer i rekkjefylgje. Styremedlemer vert valde av årsmøtet mellom organisasjonen sine medlemer.
- Leiar velges for 1 år om gongen
- 2 styremedlemmar på val kvart år
Dei tre varamedlemene vert valde for eitt år om gongen.
Fleirtalet av styret sine faste medlemer skal vera produsentmedlemer.
7. Styret si verksemd.
Styret er ansvarleg for den daglege verksemda i organisasjonen og skal sjå til at denne vert utført i samsvar med arbeidsplan og budsjett vedtekne av årsmøtet. Styret skal ta initiativ i samsvar med laget sitt føremål. Styret vert kalla saman av leiar når det trengst eller når minst 3 medlemer krev det. Vedtak vert fatta med vanleg fleirtal. Ved likt røystetal er leiaren si røyst avgjerande. Styret skal til vanleg kallast inn med minst 10 dagars varsel. Styret er vedtaksført når fleirtalet av medlemene er til stades.
Styret skal vidare
- Organisera kurs, fagdagar, seminar, fagfora og andre tiltak som kan fremja fellesskap og fagleg utvikling i næringa.
- Arbeida for å sikra tilgang til ei god rettleingsteneste.
- Samarbeida med aktuelle styresmakter om utvikling av ein tenleg offentleg politikk for denne næringa og godt tilpassa regelverk for produksjon og sal med utgangspunkt i produkta sitt særpreg.
- Fremja forståing hjå og samarbeid med meierisamvirket for å setja håndverksproduksjon med lokalt særpreg inn i ein aktiv strategi som tener fellesskapet.
- Oppmuntra til forståing for og utvikling av det særeigne for denne produksjonsforma politisk og kulturelt.
- Fremja interesse for og kunnskap om produkta hjå forbrukarane. Syta for at forbrukaren kan skilja håndverksprodukt frå etterlikningar slik at marknadsnisja for produkta ikkje vert øydelagd.
- Styret engasjerer dagleg leiar og skal arbeida for å sikra ressursar nok til påkravde sekretariat-tenester.
- Årsmøtet.
Årsmøtet er ope med talerett for alle medlemene i organisasjonen. Berre oppmøtte medlemmer har stemmerett, og alle kategoriar medlemmer har 1 stemme per medlem. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av april og skal kallast inn med minst 14 dagars varsel.
Innkallinga skal innehalda sakliste med tilrådingar frå styret. Saker medlemene ynskjer å fremja for årsmøtet må vera sekretariatet i hende 1 månad før årsmøtet.
Årsmøtet skal handsama:
- Godkjenning av innkalling og saksliste
- Valg av møteleiar, referent og 2 medlemmer til å undertikna protokollen
- Styret si årsmelding
- Rekneskap
- Styret sitt framlegg til arbeidsplan og budsjett
- Godtgjeringar til organisasjonens tillitsvalde
- Val av leiar og styremedlemer med 3 varamedlemer i rekkefylgje.
- Val av eit nytt medlem for 3 år til valkomiteen
- Val av registrert revisor
- Fastsetjing av medlemspengar
- Innkomne saker
Når ikkje anna er fastlagt i vedtektene, skjer alle vedtak ved simpelt fleirtal. Ved likt røystetal avgjer møteleiaren si røyst, utanom ved personval der ein avgjer likt røystetal ved loddtrekking.
- Valkomité
Ein valkomité på 3 medlemmer vald av årsmøtet skal innstilla ovanfor årsmøtet på dei vala som skal gjennomførast. Komiteen skal også framme forslag til godtgjeringar for tillitsvalde. Komiteen skal utføra arbeidet sitt i tråd med vedteken instruks.
10.Bruk av organisasjonen sitt namn og merke.
Medlemene kan inngå avtale med styret etter vedtekne retningslinjer, om bruk av Norsk Gardsost logo på hjemmesider og anna materiell.
- Ekstraordinært årsmøte.
Styret eller 1/4 av medlemene kan krevja ekstraordinært årsmøte. - Endring av vedtektene, oppløysing av organisasjonen.
Vedtektene kan endrast av årsmøtet med 2/3 av dei møtande røystene. Vedtak om oppløysing må gjerast av årsmøtet (ordinært eller ekstraordinært) med eit fleirtal på minst 3/4 av dei frammøtte medlemene. Eit nytt årsmøte må stadfesta vedtaket med simpelt fleirtal før vedtaket om oppløysing er gyldig. Det må gå minst to månader mellom desse to årsmøta. Framlegg om oppløysing av Norsk Gardsost må vera gjort kjent for medlemene seinast tre månader før årsmøtet.
Dersom det vert vedteke å oppløysa Norsk Gardsost avgjer årsmøtet med simpelt fleirtal korleis ein skal forvalta og disponera organisasjonen sine aktiva. Vedtektene er vedtekne på skipingsmøtet den 3. mai 1997. Endra på årsmøte 1999, 2000, 2008, 2011, 2014, 2017 og 2024.
