Vi ønskjer å invitera deg som foredlar av mjølk til å delta på NM i Gardsost – handverksforedla mjølkeprodukt 2016! Noregsmeisterskapet finner sted i Oslo den 1. september 2016, i forbindelse med matfestivalen Matstreif som arrangerast på Rådhusplassen og på Kontraskjæret i hovudstaden 2.- 4. september. Dei påmelde produkta stilles ut på festivalen.

Vi ønsker å få med flest muleg gardsysteri, og oppmodar spesielt ysteri som ikkje har vore med før om å melde seg på. Produkt fra førre året kan og delta i 2016.
Mykje av arrangementet går over same lest som i 2015. Sjå eige reglement for NM i Gardsost her. I tillegg til ost ønsker vi å få med ferske stølsprodukt som rømme og smør, samt iskrem.
Det er mogleg å melde seg på i fleire klassar. Det er til saman ti hovudklassar, sjå tabell under. I open klasse er dei større meieriene velkomne til å melde på sine produkt. Tabellen under syner hovudklassar og underklassar:
Bedømming og utstilling av produkta som er med
Bedømminga av produkta vil skje torsdag 1. september, og vil vere lik tidlegare år, med dei same kriterier som før. Det kan bli delt ut fleire gull,- sølv- og bronsemedaljar i kvar klasse. I kvar klasse vil det også kåres eit produkt som går vidare til konkurransen om å bli Årets produkt! Bedømminga skjer dagen før premieutdelinga. Vi ordnar med kjølelager og egna lokalar for bedømming. Adresse for sending av produkt og fristar for innsending blir gitt dei som er påmelde.
Etter bedømminga den 1. september blir det fest for domare og deltakare. Festmiddagen er inkludert i deltakaravgifta. Ønsker du å være med på deltakarfesten kryssar du av for dette i påmeldingsskjemaet.
Det er eigne prisar for medlemmar av Norsk Gardsost. Melder du på eitt produkt kostar det 300 kroner. Melder du på to produkt kostar det 700 kroner til saman. Melder du på tre produkt kostar det 1100 kroner til saman. Melder du på fire eller fleire produkt kostar det 500 kronar per produkt. Dei som ikkje er medlemmar må betale dobbel pris i alle høve. Betalinga skjer når du registrerar produkta.
Nytt av året er eit tilbod om produktvurdering til medlemmar som kunn ønsker ei domarvurdering av produkt de ikkje ønsker å melde på eit NM. Påmelde produkt i denne kategorien får tilsendt ei skrifteleg vurdering frå ein ysteteknolog i etterkant av NM-arrangementet. Påmelding av produkt til produktvurdering gjerast i påmeldingskjemaet, ved å hake av for Vurdering. Det kostar kroner 400,- per produkt, og det er mogeleg å sende inn maks tre påmelde produkt, i tillegg til eventuell NM-deltaking.
Du registrerar din påmelding her. Medlemmar i Norsk Gardost melde seg på NM via sine medlemssider, som du finn her. Logg inn og klikk på “Arrangement (1)”.
I påmeldingsskjemaet opprettar du ein ny linje for kvart produkt du ønskjer å melde på. Skriv inn produktnamnet. Deretter veljar du korleis hovudklasse og underklasse du ynskjer at produktet ditt skal delteke i (dette vil det ikkje bli endra på i etterkant, med mindre du sjølv ynskjer det eller har gjort en feil), samt om det er laga av rå eller pastaurisert mjølk og kva slags husdyr mjølka kjem frå. Ei beskriving av framgangsmåte for påmelding finner du her.
Har du problem med påmeldingsskjemaet eller har andre spørsmål om arrangementet, ta kontakt med prosjektleder NM i Gardsost Øydis Marie Mo på e-posteller på telefon 90160696.
Hovudsponsor for NM i Gardsost er Coop Norge. Innovasjon Norge er samarbeidspartner og økonomisk bidragsyter, og Norges Bondelag bidrar med bedømmingslokaler og arbeidskraft.